søndag 7. februar 2010

To under i ein smekk.

Igår skjedde det 2 ting som itte min meining fortjene statusen "under". Jedna ikkje heilt på høyde med dei bibleske undrene, men ikkje så långt vekke heller. For det fyssta: Eg fekk med meg Magne på ein KLESBUTIKK, og det uten protestar. For det andra: Me gjekk ut av butikken med 4 nye bukser te Magne!!! Sjøl idag e det knapt så eg trur det...men sånn e det vel med under. Heile veien him va eg blide som ei lerka...sat og repeterte for meg sjøl: 4 nye bukser, 4 nye bukser...med et saligt smil.
Når me kom him sa eg te den kjekke eigaren av dei 4 nye buksene: 4 nye bukser, Magne. Dette må det bloggast om!
Då kom det litt torrt frå an: Kanskje du konne skreve noge om C.S. Lewis?

??????????????????????????????????????????????????????????????????????????????

Ka va det an prøvte å sei? Atte eg berre skrive useriøse blogginnlegg?

An fekk et svar som ikkje heilt egna seg på trykk, men OK: Frå nå av ska eg prøva å vara litt meir seriøse. Og kanskje neste blogginnlegg handla om nettopp C.S.Lewis.

1 kommentar:

Johan Leirvik sa...

Sjå for dykk denne situasjonen: eg sit på ein lesesal med tjukt av framande menneske rundt meg. Eg les bloggen dykkar og har ikkje problem med å leve meg inn i Magnes kjensler (trur eg) der han først vert drege rundt på shopping, for så å verte offer for dette blogginnlegget. Så kjem dette gullkornet, hugs på at eg er på denne lesesalen, eg kan ikkje la vere å bryte ut i HØG latter. Takk for hjelpa til å få 20 menneskes merksemd! Nokre smilar, andre kikker berre på meg som om eg er noko rart.

Takk for desse glimta inn i livet i Medan, det er for lenge sidan april!