tirsdag 30. juni 2009

Eg elska lego!


Adle desse legoklossane.

Ikkje visste eg

at eg sko elska di så høgt.

Di får gutar te å sitta stillt

ein heile kveld.

Ro og fred.

Gutar elska di ubetinga.

Eg elska lego!

søndag 7. juni 2009

Takk, Dude!


Det e kje så greit når venner flytta. Det har Olav fått merka godt siå me kom te Indonesia, og akkorat nå e han den einaste av dei norska ongane som ikkje går på den internasjonale skulen. Her ein dag så sa Olav: "Kanskje Gud kan senda ein venn te meg...". Olav klare ikkje heilt å uttala g-lyden, så Gud blir te Dud...som jo betyr "kompis". Goe kompisar hjelpe kvarandre og dette hjertesukket blei hørt av Duden i himmelen. Så neste måren stod det ein nusselige liten kattunge på tråppe. Olav va i ekstase. "Mamma! Dud har sendt ein venn te meg! Kan me ha an?".

Me hadde overhode ikkje tenkt å få oss ein katt, men kin kan avvisa ein venn som Gud har sendt?

"Klart me må ha an!".


Gud svara jo ikkje alltid sånn som me forventa. Neste gong me ber Gud om ein venn, så må me jedna understreka at me meina ein menneske-venn.