søndag 16. november 2008

Travel helg



Barack Obama tok turen han og. Litt mo i knedne akkorat her...ikkje løye det


Haustens store happening på MIS kaltes International fair. Då hadde adle på skulen mulighet te å få vist fram essensen av landet sitt og den norske delegasjonen hadde verkeligt lagt seg i selen for atte det sko bli ein uforglømmelige dag. Der va utruligt møkje bra å sjå, hørra og ikkje minst SMAKA (berre spør Magne!) Trur eg må ha meg ein tur te damene frå Pakistan, Jemen og India for å smiska te meg nogen oppskrifter, for det va stjerneblikk på den trauste husbonden min. Olav derimot va mest fornødde med dei norske vaflene...som han og gomla på frå me kom te me gjekk. Innimjydlå va han borte sjå Marie (ettåringen vår) for å variera litt med appelsina og chips. Det blei ein flotte dag, og sjøl om me va stuptrøtte når me kom him, så va det absolutt verdt det.

mandag 3. november 2008

Søppelplassen

Ei litå jenta leke på søppelplassen mens hu venta på at mamma ska bli ferdige på jobb. Eg kan ikkje reisa him igjen te Norge og sei: Eg gjorde ingenting for hu jentå på søppelplassen


Et av dei nyoppstarta prosjektene te NLM Indonesia e å driva arbeid blant folk som jobba på den offentlige søppelplassen i Medan. Me fekk besøka denne plassen forige veka og det gjorde et utruligt sterkt inntrykk på adle oss som va der. 27 hektar med illeluktande søppel låg og stanka i solsteiken og kvar dag komme det tonnavis av søppel - bidrag frå innbyggarane i Medan..inkludert meg! Eg ska lova deg at eg tenke på ka eg hive i søppelbøtta frå nå av.


Men det mest sjokkerande va å treffa folkje som jobba der. Di smilte te oss og ville jedna slå av ein prat. Eg sko likt å sett den nordmann som hadde smilt onda sånne forhold. Eg tenkte med meg sjøl atte eg sko aldri klaga mær i mitt liv. Det har eg sjølsagt gjort allerede, men alikavel så huska eg på desse blide ansiktene og minne meg sjøl på atte eg har STORE gronn te å vara takknemlige.


Nå får ikkje søppelplass-arbeidarane ekstra god lønn fordi di ofre seg og tar dei jobbane ingen vil ha. Pga den økonomiska kriså i verden har prisen pr kg reinvaska plastikk gått ned frå ca 1 kr te 40 øre. Fekk du lyst å streika nå?

torsdag 30. oktober 2008

Skulegut




Siå me reiste frå Norge har Andreas blitt skulegut. Han går på Medan International School og lere engelsk så det susa. Det va litt tøfft den fyssta vekå; Andreas grein...og mamma grein òg (litt uvisst kin som begynte :), men nå går det møkje bedre for oss begge. Heldigvis kom han i same klasse som Elisabeth, så hu kan forklara ting te an når an ikkje forstår.


Med så høge leringskurva så begynte og tednene å detta ut...To nye, fine tedner e på vei og foreldrene e voldsomt kry.


Kom, for alt er ferdig

I dag skjedde det! Handverkarane som har pussa opp huset vårt i over 2 månader, fortalde at no var dei ferdige. Den siste tida har me vore grundig leie av støv og bråk og alt det som høyrer med, og kanskje har dei óg vore tilsvarande leie av oss. Ikkje veit eg. Men det gjekk i alle fall fort i svingane desse siste dagane.
Så, no er alt ferdig. (Nesten, i alle fall) Gjesterommet er mala og møblert. Lekkasjane er tetta og termittane er i det minste ikkje synlege meir. Eit tynt lag med sement utanpå problemet kan gjera underverk... Vifta har kome opp i taket og møblane står ikkje lenger i ei klynge midt på golvet. Me har til og med fått ny sikringsboks, som tåler at me skrur på ein aircondition eller to. Så altså; no kan de koma på besøk viss de vil.

mandag 27. oktober 2008

30 kroner er for mykje

På veg heim forleden dag vart eg ståande i eit kryss og venta på grønt lys. Medan eg stod der, gjekk ein liten gut frå bil til bil og tigga. Han kunne ha vore 7 år, kanskje, berre litt større enn Andreas, guten min. Eg sat der, og med eitt såg eg for meg at det var Andreas som gjekk der, usikker på om det vart noko mat i dag, eller nye klede dette året. Tanken opprørte meg og eg tykte så vondt om han som gjekk der. Problemet var berre at det einaste eg hadde att å gje ifrå meg var ein 50 000 Rp - setel, tilsvarande ca 30 kroner. Men ingen gjev så mykje til ein tiggar, gjer dei vel? Ein tiggar får 1000 Rp (60 øre) i beste fall. Eg tvilar på at ein tiggar i Medan nokon gong har fått ein 50-lapp. Eg sat der i bilen med ein blå 50 000 setel i den eine handa. Eit trykk med ein finger på den andre handa ville få den elektriske vindusheisen til å opna vinduet. Eg sat der og såg framfor meg, våga ikkje å sjå på guten som no stod rett utanfor bildøra mi. Skal, eller skal ikkje? Så gjekk han vidare, i von om å få ein 1000-lapp fra han i bilen bak meg.

Holong na sian Tuhantta

Eg var ein tur til Pematang Siantar nyleg - 3 timar kvar veg på holete vegar, med lastebilar som sneglar seg avgarde i 30 km/t, og med motorsyklistar som kjem frå alle tenkelege og utenkelege vinklar, akkurat som ein uforutsigeleg bisverm. Eeh. Ja! Poenget var at eg vart køyrande bak ein minibuss som eg ikkje kom forbi. På bakvinduet var det malt med store bokstavar: HOLONGNASIANTUHANTTA. Orda er på batak-språket og betyr "hjelp ifrå vår Gud". Eigaren gav Gud æra for at han hadde vore i stand til å skaffa seg ein slik minibuss og med det ei rimeleg fast og god inntekt. Slike vedkjenningar er vanlege her. Ei av dei eg har lese på fleire bakruter er "DOA IBU" (mors bønner). Men eg har aldri lese noko slikt i Noreg, sjølv om me har endå meir grunn til å kreditera Gud og ei mor eller bestemor sine bøner.

onsdag 22. oktober 2008

Me er på nett!

No har det utrulege skjedd! Fam Vatland har oppretta blogg! Sjølvsagt står det att å sjå om me vil oppdatera han, eller for den del om nokon vil lesa det me skriv. Men, men. Me hadde lyst til på denne måten å formidla til dei som er interesserte noko av det me opplever her i Indonesia. Vonar nokon kan ha gleda av dette.
Helsing Magne