mandag 27. oktober 2008

30 kroner er for mykje

På veg heim forleden dag vart eg ståande i eit kryss og venta på grønt lys. Medan eg stod der, gjekk ein liten gut frå bil til bil og tigga. Han kunne ha vore 7 år, kanskje, berre litt større enn Andreas, guten min. Eg sat der, og med eitt såg eg for meg at det var Andreas som gjekk der, usikker på om det vart noko mat i dag, eller nye klede dette året. Tanken opprørte meg og eg tykte så vondt om han som gjekk der. Problemet var berre at det einaste eg hadde att å gje ifrå meg var ein 50 000 Rp - setel, tilsvarande ca 30 kroner. Men ingen gjev så mykje til ein tiggar, gjer dei vel? Ein tiggar får 1000 Rp (60 øre) i beste fall. Eg tvilar på at ein tiggar i Medan nokon gong har fått ein 50-lapp. Eg sat der i bilen med ein blå 50 000 setel i den eine handa. Eit trykk med ein finger på den andre handa ville få den elektriske vindusheisen til å opna vinduet. Eg sat der og såg framfor meg, våga ikkje å sjå på guten som no stod rett utanfor bildøra mi. Skal, eller skal ikkje? Så gjekk han vidare, i von om å få ein 1000-lapp fra han i bilen bak meg.

3 kommentarer:

Olav Vestbøstad sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Olav Vestbøstad sa...

Hei! Kjekt at de har fått blogg. Forstår godt dilemmaet. Litt lettare å forhalda seg til det her i Trondheim. Gledar meg til å komma på besøk til Medan i januar!

Liv Jorunn sa...

O glede stor! Vatland er på nett :) Jeg kommer til å gølge IVRIG med skal dere vite.
Takk for sist, forresten. Veldig koselig å besøke dere på Nærbø.

Tuhan memberkati.