mandag 27. oktober 2008

Holong na sian Tuhantta

Eg var ein tur til Pematang Siantar nyleg - 3 timar kvar veg på holete vegar, med lastebilar som sneglar seg avgarde i 30 km/t, og med motorsyklistar som kjem frå alle tenkelege og utenkelege vinklar, akkurat som ein uforutsigeleg bisverm. Eeh. Ja! Poenget var at eg vart køyrande bak ein minibuss som eg ikkje kom forbi. På bakvinduet var det malt med store bokstavar: HOLONGNASIANTUHANTTA. Orda er på batak-språket og betyr "hjelp ifrå vår Gud". Eigaren gav Gud æra for at han hadde vore i stand til å skaffa seg ein slik minibuss og med det ei rimeleg fast og god inntekt. Slike vedkjenningar er vanlege her. Ei av dei eg har lese på fleire bakruter er "DOA IBU" (mors bønner). Men eg har aldri lese noko slikt i Noreg, sjølv om me har endå meir grunn til å kreditera Gud og ei mor eller bestemor sine bøner.

Ingen kommentarer: